Tradisjonell Cajun-fransk musikk frå Sørvest Louisiana

Jesse og Joel lagar musikk full av overraskingar og glede. Saman spelar de tradisjonell Cajun-fransk musikk frå præriane i sø-vest -Louisiana. Her kjem generasjonane saman, unge og gamle, kvar kveld for å å feire sin livlege kultur med dans, sosialt hopehav og moro.

Jesse Lége er djupt rotfest I cajun-musikken. I barndomsheimen hans nær Gueydan, Louisiana hadde dei ikkje straum. Her snakka Jesse Cajun-fransk og lærde musikk frå skyldfolk, grannar og den høgt elska batteriradioen familien hadde. I dag er han ein av dei mest verdsette trekkspelarar og vokalistar innanfor Cajun-tradisjonen, faktisk i eit verdsperspektiv. Han er spesielt kjend for sin høge, klåre, "gråtande" song. I 1998 blei han førd inn i Cajun Music Hall of Fame.

Joel Savoy er son av Cajunmusikk legendene Marc og Ann Savoy og grunnleggjar av det Louisiana-baserte plateselskapet Valcour Records. Han har vakse opp bokstaveleg ved føtene til mange Cajun-heltar som ofte kom for å vitje og jamme med foreldra. Joel er ein GRAMMY-vinnande innspelingsingeniør og plateprodusent. Joel fungerte nyleg som kunstneristisk leiar for den prestisjetunge Festival of American Fiddle Tunes. Han er en allsidig felespelar og gitarist, og han har spelat og undervist i musikk verda rundt dei siste 20 åra.

Jo Vidrine vert med Jesse og Joel for første gong i Europa. Han stammar óg frå sørvest i Louisiana. Jo er ein meistermusikar, fotograf og kokk. Han er kjend som "The Freelance Cajun," og spelar ei stor og allsidig rolle i Acadiana-samfunnet der han er med i ei rad band og har ein finger med i omtrent alt som er kulturelt relevant i dag. Jo er for tida programleiar for Balfa Week ved Louisiana Folk Roots, ein organisasjon dedikert til å ta vare på og føre vidare Acadianske urfolkskulturar.

Billettar i døra. 
250,- ordinær
150,- studentar
Kro i Gardsjordstoga etter konserten

Her kan du lese meir om konserten (lenke).

Arr: Folkemusikkscena på Rauland