Erlend Viken sin orginale trio kjem til Pederhuset!! Den kritikarroste trioen kjem med musikk basert på norsk folkemusikk, eigne komposisjonar og velklingande møter med både ørkenblues, rock og improvisasjon. Trioen har opparbeidd seg eit stadig større publikum også utanfor landegrensene. I sommar har dei hatt fleire festivalopptredenar på store folkemusikkfestivalar. Albumet "Fete slåtta" vart nominert til Spellemannspris i 2023, og det nye albumet "Ville vegar" kjem i oktober.
Vi gler oss over at eit av stoppa på lanseringsturneen vert i Pederhuset. Merk at det er få plassar i huset, og begrensa billettar.
Erlend Viken vil også halde eit nerdekurs i felespel på dagtid. Meir om det om litt. Etter konserten opnar vi Estebaren og det blir folkemusikkpub.

Erlend Viken - fele, oktavfele og hardingfele
Marius Graff - elgitar
Sondre Meisfjord - kontrabass

Skrive om trioen:
¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨ -Adresseavisen
¨Kraften i samspillet skaper musikk som går over i det geniale¨ -Bladet folkemusikk.
¨här finns låtar som platsar på vilken best-of-spellista som helst¨ -Lira
¨En av norges hetaste grupper¨ -Svenska Dagbladet
 

Her kan du lese meir om arrangementet (lenke).

 

Arrangør: Pederhuset