Vil du bli betre på å lære bort folkedans? Bli med på grunnleggande instruktørkurs i folkedans 8.-10. november 2024 i Steinkjer. 

Kurset skjer i samarbeid med Hilmarfestivalen og parallelt med HilmarUng. På kveldstid kan du gå på konsert og dansefest i regi av Hilmarfestivalen. Alle kursdeltakarar får tilbod om gode prisar på festivalen.
På det grunnleggande instruktørkurset lærer du eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om sjangeren, og du lærer metodar for å læra bort og leia dans.
Instruktør på kurset er dyktige Bente Hjellum Syvertsen.

Påmeldingsfrist torsdag 24. oktober kl. 23:59 via Checkin: https://event.checkin.no/81799/grunnleggande-instruktorkurs

 

Har kan du lese meir om arrangementet.

 

Arrangør: Noregs Ungdomslag