Velkommen til konserten "Ola Opheim i ord og tonar" torsdag 21. november kl. 19:30 i Marlo grendahus i Skjåk.


På konserten får du møte felespelarane Aslak Brimi og Hallgrim Haug. Vi får også eit innslag med den unge og lovande toradarspelaren Vemund Vang frå Skjåk.

Dette blir ein konsert med historier, videosnuttar og spel i tradisjon etter «Uppheimin». Felspelarane Hallgrim Haug og Aslak Brimi frå Vågå og Lom spelar slåttemusikk etter storspelmannen, og journalist og forfattar Even Lusæter fortel og set ljos på spelmannslegenda. Dei tre ilag lanserer nå boka og CDen “og Ola han var stjerna” om humoristen og virtuosen frå Vågå.


Opheim (1920-2003) er av dei største kjeldene i Vågå og Ottadalen, og var ein kunnskapsrik, engasjert og utadvendt spelmann som var aktiv over mange tiår. Han var spesielt kjent for eit drivande godt dansespel, om det så var slåttespel eller gammaldans med trekkspelar Oddvar Nygaard.
Ola var sentral i renessansa for gammaldansen utover 50 og 60-talet: «Ei av dei fyrste på skansen var Oddvar Nygaards kvartett, der han Oddvar sjølv trakterer trekkspelet og han Ola Opheim er stjerne på fele!»

 

Har kan du lese meir om arrangementet.

 

Arrangør: Jakupscena