Velkommen til konsert med folkesongen i fokus onsdag 23. oktober kl. 19:30 i Garmo kyrkje!


På konserten får du møte vokalgruppa Treak frå Valdres, lomskoret Gjeling-Ljomen og den unge lovande songgruppa Sporven frå Lom spel- og dansarlag.

Treak er ein folkemusikalsk songtrio med Ingeborg Onstad, Ingrid Lingaas Fossum og Marit Karlberg. Musikalsk har dei fokus på trestemt og solistisk song, med følgje av langeleik og lyre. Treak har fordjupa seg i den vokale songtradisjonen etter Marit Daleng, Guri Hegge og Ragnhild Rolandsgard, alle fødde på 1880-talet, i Øystre Slidre. Desse tre kjeldene hadde til saman eit stort og mangfaldig repertoar av bådnsullar, salmer, viser og slåttetralling, som hittil har vore gøymd i arkivet. No får me høyre materialet i ei ny musikalsk drakt.


- Ingrid Lingaas Fossum: Song og lyre
- Ingeborg Onstad: Song og langeleik
- Marit Karlberg: Song og langeleik


Gjeling-Ljomen er eit damekor frå Garmo i Lom. Ove Tidemansen gav koret navnet Gjeling-Ljomen.Gjeling kjem frå elva Gjelinga som renn ned i Garmo frå oppi Kleppdalen. Ljom er eit synonym for gjenklang, etterklang, ekko, gjenlyd. Reidar Svare er korets dirigent.

 

Har kan du lese meir om arrangementet.

 

Arrangør: Jakupscena