Fleire av dei vidgjetne spelemennene på Røros kjem til Vestlandet og spelar opp til ein livat helaften med RØROSPOLS. Sikre deg billetten som inkluderar kurs, middag og dansekonsert med uendelege polskuler på Jostedal hotell i Luster.

Program: 17:00-18:00 - Introkurs i rørospols. For deg som aldri har dansa eller vil friske opp takt og trinn. Instruktør: Ann-Kristin Feragen

18:00 - 18:30 - Buskspell på hotellet. Ta med instrument og lær ein ny pols.

18:30 - 19:30 - Middag med kaffi (Biffgryte med potestappe og rotgrønnsaker).

20:00 - 21:00 - Oppvarmings-spelemannslag

21:00 - 01:00 Jansons gammeldansorkester frå Røros med gjestar - Tron Steffen Westberg og Andre Løkken Medlemmar i Jansons er: Jan Feragen, Per Inge Mølmann, Ann-Kristin Nilsgård Feragen, Terje Elven, Mads Kuraas, Ole Jørgen Tamnes og Ole Erik Nilsgård Feragen.

Ingen forkunnskap kreves på polskurset og denne kvelden er eit sjeldan høve til å få praktisert å slå seg på helen til drivande god dansemusikk fra Rørostraktom - etter at ein har trent litt på førehand. Det er sjølvsagt høve til å "berre" høyre på dansekonserten om du ikkje dansar sjølve. Men me trur det vil rykkje bra i dansefoten denne kvelden.

La golvet leve! Rullan går! Velkomne til alle musikk-, spel- og danseglade!

Medspelarar til arrangementet: Sogn spel- og dansarlag Jostedal hotell med fleire

Ynskjer du overnatting på Jostedal hotell er det 15% rabatt på overnatting med frukost. Det er og ein flott campingplass ved sida av hotellet.

 

Her kan du lese meir om arrangementet (lenke).

 

Arrangør: Jostedal spel- og dansarlag, Torill Bye Wilhelmsen