Det er i år 200 år sidan storspelemannen Leiv Sandsdalen vart fødd (1825-1896). Han budde mesteparten av livet på Nedre Sandsdalen. Leiv har betydd svært mykje for folkemusikken både i Seljord, i Telemark og i hardingfeleområdet i heile landet. Faren var spelemannen og handverkaren Øystein Langedrag.
På konserten fredag 19. september har vi inviterte gode formidlarar av folkemusikk. Av tilreisande utøvarar kjem desse: Knut Buen, Alf Tveit, Magnhild Garnås Haugen, Lars Erik Skjøtskift Øygarden, Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Ragnar Haugstøl m.fl.
Laurdag er det fylkeskappleik for Telemark med tevling i alle klassar Dette vil me markere med ei folkemusikkhelg på Granvin Kulturhus. Dans båe kveldane.
Hald av helga etter Dyrskun.
Arrangement av Seljord Folkemusikklag
Seljordkappleiken
Tid og stad:
19.-21. september
Granvin kulturhus, Telemark