Gled dykk til ein magisk konsert med fantastisk flinke, Signe Førre. Dette blir eit eventyr av ein konsert, noko for alle med eit musikkhjarta!


Dato: Fredag 1. november.
Tid: 18:00
Lokale: Naustet eller Festsalen (ut frå billettsal).
Pris: 300,- inkl. billettavgift.


Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre vart tildelt midlar frå Det norske komponistfond til å skrive eit tingingsverk til Finnesloftet i 2019. Musikken er ei reise gjennom ulike kulturar og tidsperiodar der ho tek oss med i hennar univers der folkemusikk og jazz vert smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement på musikk i frå ulike kulturar, der ho syng på alle orginalspråka! Dette innebærer serbisk, makedonsk, norsk, bulgarsk m.m. Konserten i Finnesloftet vart tidleg utseld og ein stor suksess! Dette er nå blitt til eit rykende ferskt album innspilt i ABC Studio og utgitt på sjølvaste Ta:Lik Records i høst. Denne konserten er en del av den eksklusive plateslipp turneen med debut albumet ?Fagert? til Signe Førre Kvartett!

*Signe Førre debuterte som bandleiar allereie som 19 åring under Vossa Jazz 2014 saman med Elisabeth Lid Trøen på saksofon, Eivind Austad på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Ho har spelt konsertar med fleire kjende namn som Andy Sheppard, Marius Neset, Laura Jurd, Zoe Rahman, Dag Arnesen m.fl. Signe Førre har i tillegg sin eigen jazztrio med Eivind Austad på piano og Raymond Storaunet Lavik på trommer. Signe Førre har også ein tysk booking agent som er i gang med å planlegga konsertar i Tyskland for Signe Førre Kvartett. Ho har spelt konsertar i Norge frå Risør i sør til Vadsø i nord der ho spelte på Varangerfestivalen 2023 og ho skal mellom anna spela på Hilmarfestivalen i Steinkjer i november som ein del av lanseringsturneen med albumet «Fagert»

*Torbjørn Økland er kanskje mest kjend som gitarist i Haugesunds-gruppa Vamp frå 1991 til 2014. Dei har vunnet fleire Spellemannspriser, blant anna Årets Spellemann i 2006. Saman med Paul Hansen og Carl Øyvind Apeland, begge tidlegare Vamp- medlemmar, starta han i 2015 bandet Blest som gav ut sitt sjølvtitulerte debutalbum i 2017. Økland har vore benytta som musikar av ei rekkje kjende artistar, blant anna Helene Bøksle, Grethe Svensen, Hanne Krogh, Elin Furubotn, Anne Grethe Preus, Anita Skorgan, Rein Alexander, Mikis Theodorakis, Arja Sajonma, Lillebjørn Nilsen, Bjørn Eidsvåg, Di Derre m.fl.

*Irene Tillung har spilt konserter og turneer i ulike land som Tyskland, USA, Storbritania, Vietnam, Danmark, Georgia, Nederland på North Sea festival, Estland på EBU Festivalen m.m Hun spiller i gruppen Tindra sammen med Åshild Vetrhus og Jorun Marie Kvernberg, har skrevet musikk til NRK-serien «EINAR» av Erling Borgen og til Kortfilmer vist NRK og på internasjonale filmfestivaler.Hun har egen duo med Tore Brunborg og har spilt med blant andre Ensamble Denada, Maria Schneider, Steinar Raknes, Ellen Brekken, Karl Seglem, Annbjørg Lien og Catriona McDonald m.fl. Hun har skrevet tingingsverk til Vossa Jazz 2020 «Irene Tillung med Ti på Taket» og til Førdefestivalen i 2021.

* Stein Inge Brækhus er slagverker, plateprodusent og førsteamanuensis på UIS. Gjennom sin karriere har han deltatt på svært mange album og spilt med artister som Andy Sheppard, Silje Nergaard, Nils Petter Molvær, Bjørn Eidsvåg, Jan Eggum, Vamp, Ivar Kolve, Jon Pål Inderberg, Erlend Slettevoll, Trio de Janeiro, Karoline Krüger, Anne Grethe Preus, Helene Bøksle, Åge Aleksandersen, Jim Beard m.fl.

Sjå her for meir informasjon om arrangementet.

 

Arrangør: Mandelhuset