Trio Tragder består av
Nina Byttingsmyr - fele/hardingfele
Torgeir Tønnevold Fiane - trøorgel
Olaf Moen - vokal/harpeleik

Trioen byr på folkemusikk, både viser og slåttar frå store deler av Nedenæs Amt og Raabyggelaget.

Konserten er ein god miks av alvor og skjemt, passar for unge og eldre vaksne. Det blir balladar, lukkeleg og ulukkeleg kjærleik, dansemusikk, skjemteviser, drikkeviser og revyviser, alt frå den rikhaldige tradisjonen her på grensa mellom sør og aust.

Trio Tragder speler tradisjonsmateriale frå Grimstad, Åmli, Froland, Gjerstad, Tvedestrand, Drangedal og Kragerø, ja til og med Hawaii!

Det musikalske uttrykket er prega av ein sterk vokal med fokus på formidlinga av tekstane. Dei rike tonane i trøorgelet dannar ein grunnvoll som melodiane og harmoniane kvilar på, og fela binder det heile saman. Nokre gongar er harmoniane samstemte og i skjønn foreining, andre gongar skapar dei små, spente dissonansar, spenning og framdrift i musikken.

Alle varmt velkomne! Heilt gratis til og med!

Les mer på facebook

Arrangør: Kulturnatt i Risør i samarbeid med Foreningen Finstemt