Velkomen til Vågå, og nok ein Vågåtreff!


Vi gler oss sjølvsagt, og ser fram til å ta imot dykk alle som kjem til Vågå denne helga. Treffen byrjar allereie torsdagen for dei som er tidleg ute, og vi samlast på hotellet for uformell start. Tradisjon tru blir det buskspel og godt prat denne kvelden?

Fredag kveld kl. 19.30 ønskjer vi velkomen til kyrkjekonsert med Grindstuen og Midtlis orkester. Dei har med seg Henrik Ulen, Elena Bjørnstadhaugen, Svein Rune Damstuen og Reidar Svare. Vi lovar ein variert og fin konsert med det tradisjonsrike orkesteret og deira medmusikarar.

Etter konserten byrjar dansen på Vågå Hotel.
Laurdag kl. 12.00 blir det plateslepp og konsert på Vågå Handelshus, med Ragna Valde Sletten og Vegard Hansen.

Kl. 14.00 er den tradisjonsrike Mønstringskonserten i Vågå Kulturhus, der og Vågåfatet blir delt ut. Det er berre å glede seg til november.

Sjåast på treff!

 

Sjå her for Facebook-arrangement.

 

Arrangør: Vågå Trekkspelklubb