Velkomen til platesleppkonserten “I stugun” med duoen Vegard Hansen og Ragna Valde Sletten under Vågåtreffen 2024!


Tid: Laurdag 2. november kl. 12:00
Stad: Vågå Handelsforening
Konserten er GRATIS. Det kan vera lurt å koma i god tid for å sikre seg plass.

Folkemusikarane Ragna Valde Sletten (Vågå) og Vegard Hansen (Aure) er no aktuelle med sitt fyrste duoalbum i lag og inviterer til ei rekke konsertar i haust. Fyrst ut er konserten 2. november på Vågåtreffen, på heimebane for Ragna og plateselskapet Melovitten.
Albumet "I stugun" inneheld eit variert spekter av slåttar, både nykomponerte slåttar, skattar frå arkivet og menuettar frå 1700-talet. Ragna og Vegard har arrangert all musikken sjølv for fele og trekkspel. Tradisjonane frå Ottadalen og Nordmøre har stått sentralt i dette plateprosjektet. Ragna og Vegard har i stor grad latt seg inspirere av tradisjonsberarar som Rolf Sletten, Ole Nilsen Brekkan og Hallvard Ørsal.
Duoen har gjennom fleire år med samspel forma sitt eige uttrykk. Dei fleste øvingane har vore “i stugun” heime hos Ragna i Vågå der det har vore spelt i seine nattetimar. Her har kreativiteten fått springe fritt, og resultatet vart albumet "I stugun".

Det vert sjølvsagt moglegheit til å kjøpe den fysiske plata på konserten. I heftet får du mellom anna utfyllande informasjon om musikken og kjeldene. Pris: 200,- (kan også kjøpast på nett her etter kvart: www.melovitten.no/butikk).

Plata vert tilgjengeleg digitalt og fysisk 1. november. Fredag 25. oktober får du ein smakebit med ein singel frå plata, så det er berre å glede seg til å høyre denne duoen!

Konserten er i regi av Vågå trekkspelklubb i samband med Vågåtreffen 2024.

Du kan også høyre duoen spele følgande stader i haust:
4. november: Aure
7. november: (TBA)
8. november: Osterøy
22. november: Oslo
28. november: Voss

 

Har kan du lese meir om arrangementet.

 

Arrangør: Vågå trekkspelklubb & Melovitten